Norsk Bærindustri AS - Logo
solbær

Stadig nye og
gode produkt

Valldal safteri produserer mange sortar syltetøy, og vi driv stadig med produktutvikling for å kunne lansere nye, spennande smakar.

Drikkeklar saft

Prøv den forfriskande drikkeklare safta vår. Du treng ikkje å blande ut, ta safta rett frå kjøleskapet og skjenk i glaset. Ei leskande og god saft produsert av lokale råvarer. Blir seld i flasker á 0,5 l. Kva typar saft vi produserer, varierer med årstidene.

  • Blåbærsaft
  • Bringebærsaft
  • Eplesaft
  • Vintersaft

Syltetøy

Syltetøyet blir levert i glas på 195 ml og 370 ml. Vi leverer også i større plastspanner for storhushald – eller for dei som berre ønskjer meir av godsakene – på 1 kg, 2,5 kg og 7,5 kg.

Her er ei oversikt over syltetøyet vi produserer. Vi har ikkje alle produkta til sals heile tida, for varesortimentet må nødvendigvis variere litt etter sesongen og etter tilgangen på råvarer.

  • Aprikossyltetøy
  • Blåbærsyltetøy
  • Blåbærgelé
  • Bringebærsyltetøy 
  • Dronningsyltetøy (blanding av blåbær og bringebær med 50 % mindre sukker)
  • Eplegelé med kanel
  • Eplegelé med sherry
  • Eplemarmelade med chili
  • Jordbærsyltetøy
  • Jordbær og villbringebær-syltetøy
  • Kirsebærsyltetøy
  • Kirsebærgelé med konjakk
  • Krekebær og blåbær-gelé
  • Moltesyltetøy
  • Morgonyr (blanding av bringebær og  jordbær med ein drope epleråsaft)
  • Myntegelé (eple med mynte)
  • Plommesyltetøy
  • Ripsgelé
  • Rips og bringebær-gelé
  • Solbærsyltetøy
  • Soleglad (blanding av bringebær og solbær med ein drope epleråsaft)
  • Stikkelsbærsyltetøy
  • Tyttebærsyltetøy
  • Rørte tyttebær 
  • Valldal (blanding av blåbær, bringebær og jordbær med 50 % mindre sukker)

Saft

Vi produserer også mange gode sortar saft, også spennande smakar med bærblandingar. Desse sel vi i flasker på 0,7 liter, og også i større plastkanner på 2,5 liter og 5 liter.

  • Blåbærsaft
  • Bringebærsaft
  • Eplesaft
  • Eple og pære-saft
  • Rips og bringebær-saft
  • Solbærsaft
  • Vintersaft (blanding av blåbær og solbær)