Norsk Bærindustri AS - Logo
kirsebær

Freistande, svalande,
herlege iskrem

I år freistar vi med heimelaga jordbæris frå butikken og kafeen vår i Gamle Syltegata. Kom innom, då vel!

Drikkeklar saft

Prøv den forfriskande drikkeklare safta vår. Du treng ikkje å blande ut, ta safta rett frå kjøleskapet og skjenk i glaset. Ei leskande og god saft produsert av lokale råvarer. Blir seld i flasker á 0,5 l. Kva typar saft vi produserer, varierer med årstidene.

  • Blåbærsaft
  • Bringebærsaft
  • Eplesaft
  • Vintersaft

Vi endrar namn
til Valldal safteri

Norsk Bærindustri AS har endra namn til Valldal safteri AS, men vi kjem sjølvsagt til å produsere saft og syltetøy med same høge kvalitet som før.

Vi har lenge følt at det gamle namnet signaliserer noko anna enn det vi meiner vi er, og det vi ønskjer å vere. Saft og syltetøy frå Valldal safteri er handproduserte på tradisjonell måte og først og fremst av lokale råvarer, og får derfor den gode smaken og høge kvaliteten av heimelaga produkt. Det er lite som er industrielt ved produksjonsmåten vår. Det ønskjer vi også å vise med namnet. På folkemunne lokalt har vi også i alle år hatt kallenamnet «Safteriet».

Bedrifta har lange tradisjonar i Valldal og Norddal kommune. Ho vart stifta i 1919 og har produsert saft og syltetøy av lokale råvarer.

Bønder og hageeigarar i Valldal og bygdene rundt leverer mykje frukt og bær gjennom sommar- og haustmånadene. Ein del frukt og bær blir pressa til frisk saft, som anten kan drikkast som ho er, eller sukrast og kokast. Oppskriftene er tradisjonsrike og velprøvde.

Vi arbeider også heile tida med å utvikle nye produkt med spennande smakar og mindre sukker.

Vennleg helsing
Ann Mattheeuws

Heimelaga, deilig,
fersk jordbæris

Når den lyse årstida omfamnar oss, får vi energi til å prøve oss fram – alltid på jakt etter den gode smaken, det spennande produktet. I år satsar vi på at det blir ein varm og glad sommar – og då må vi sjølvsagt ha ein deilig, heimelaga is å nyte sommaren med.

Vi synest sjølve at isen vi har laga, er kjempegod, laga frå grunnen med gode råvarer. Vi har også ein laktosefri variant for dei som treng det.

Kom innom butikken vår i Gamle Syltegata, så byr vi på heimelaga is og oppkvikkande kaffi. Er du heldig, har vi ferske, belgiske vaflar på menyen også – eller norske vaflar med jordbærsyltetøy eller bringebærsyltetøy, naturlegvis!